mandag, mai 07, 2007

Mållaus


Eg slapp jubelen laus i det eg høyrde fløyta. Strålande nøgd med å ha funne meg til rette på midtbanen, eg hadde knekt koden og visste korleis eg skulle takla motspelarane sjølv om dei både var større og sterkare enn eg sjølv. Eg fekk klapp på aksla og gode ord.

Lite visste eg då om at det var to omgangar i dette spelet, og at suksess i den første ikkje var nokon garanti for det som skulle kome. Helst ville eg ha bytta plass med ein annan, ein med større fart og meir røynsle. Men det var ikkje opp til meg. Så virra eg rundt utan mål og meining, medan publikum såg på. Det var ingen som peip, men dei visste det og eg visste det. Eg var ikkje god nok til fast plass på laget.